Fleire jenter enn gutar over 16 år bruker antidepressiva, sovemiddel og antipsykotika (Helsedirektoratet)

Publiseringsdato 06.06.2023
Fleire jenter enn gutar over 16 år bruker antidepressiva, sovemiddel og antipsykotika (Helsedirektoratet)
deprimert jente trøstes av gutt Helsedirektoratet har sett i gang fleire tiltak for å auke kunnskapen på området. Ill.foto: Colourbox.

Ifølgje folkehelserapporten for 2022 peikar fleire studiar på ein auke i totalbruken av psykofarmaka i aldersgruppa 0-17 år over den siste ti-årsperioden i Noreg, særleg blant unge jenter.

Under koronapandemien vart det i tillegg observert ein auke i talet på utleverte reseptar for antidepressiva, anksiolytika og hypnotika blant unge i Noreg samanlikna med kva som var forventa basert på trendar i 2015-2019.

Tala uroar Helsedirektoratet.

– Helsedirektoratet har sidan 2017 arbeidd med eit oppdrag som omhandlar bruk av psykofarmaka hos barn og unge. Vi har sett i gang fleire tiltak for å auke kunnskap på området og dessutan andre tiltak for å bidra til riktigare behandling med denne legemiddelgruppa hos barn og unge, seier fungerande divisjonsdirektør Helga Katharina Haug i Helsedirektoratet.

No er statusrapporten frå Helsedirektoratet overlevert Helse- og omsorgsdepartementet.

Les hele saken: Fleire jenter enn gutar over 16 år bruker antidepressiva, sovemiddel og antipsykotika (Helsedirektoratet)