Fortsatt nedgang i salet av beroligande middel og sovemiddel (FHI)

Publiseringsdato 24.09.2019
Salet av beroligande middel og sovemiddel er redusert med nesten ein tredel på ti år.
sovende kvinne

Det har over tid vore aukande merksemd på forsvarleg forskriving og rett bruk av sovemiddel. Ill.foto: Colourbox.

 

Samtidig er salet av det naturlege hormonet melatonin, som blir brukt ved søvnvanskar, nær tredobla, viser ein ny rapport frå Folkehelseinstituttet.

Rapporten «Legemiddelforbruket i Norge 2014–2018» gir ei oversikt over sal av legemiddel i Noreg. Tala er baserte på sal frå grossistar til apotek, sjukehus, sjukeheimar og daglegvarehandelen. Dei viser blant anna at nedgangen i salet av beroligande middel og sovemiddel frå dei siste åra fortset.

– Vanedannande legemiddel kan ha mange negative effektar, og det har over tid vore aukande merksemd på forsvarleg forskriving og rett bruk av desse midla, seier seniorrådgivar Solveig Sakshaug i Folkehelseinstituttet.

Les meir: Fortsatt nedgang i salet av beroligande middel og sovemiddel (FHI)

Artikkelen har tidligere vært publisert i nyhetsbloggen PsykNytt.

Les mer om legemidler og søvnforstyrrelser, eller gå til siste nummer av PsykNytt.