Ny handlingsplan mot overdoser: Opprettar varslingssystem for særleg farlege rusmiddel (regjeringen.no)

Ein ny handlingsplan endrar innretninga av arbeidet mot overdoser i Noreg. Tiltaka vil få betydning for personar som er i fare for å døy av illegale rusmiddel, reseptbelagte legemiddel og alkohol.

Ny handlingsplan mot overdoser: Opprettar varslingssystem for særleg farlege rusmiddel (regjeringen.no)
Departementet ynskjer å kunne varsle rusmiddelbrukarar og tenester som er i kontakt med desse. Ill. foto: Colourbox.
Publisert 07. oktober 2025

Blant anna skal det etablerast eit varslingssystem retta mot særleg farlege rusmiddel som er i omløp.

– Kvart einaste overdosedødsfall er eitt for mykje. Vi må bli betre på å førebyggje at det skjer. Vi må redusere stigma knytt til avhengigheit, overdoser og overdosedødsfall, og vi må ta betre vare på pårørande og etterlatne, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

I fjor ga han Helsedirektoratet i oppdrag å lage ein ny, dynamisk handlingsplan mot overdoser. Planen skal oppdaterast jamleg og ved behov.

Rask varsling

Nettsida overdosefare.no skal etablerast som eit felles nasjonalt system for å vurdere akutte risikoforhold og bekymringar rundt rusmiddel som er i omløp, for eksempel syntetiske opioider som fentanyl eller nitazener.

– På den måten kan vi raskt varsle rusmiddelbrukarar og tenester som er i kontakt med desse, og setje i verk nødvendige beredskapstiltak, seier Vestre.

På overdosefare.no vil både privatpersonar og tenester som helse, politi, frivillige organisasjonar og andre, kunne melde inn og beskrive bekymringar og dele informasjon om særleg farlege rusmiddel i omløp. Kompetent personell vurderer informasjonen og behovet for å sende ut varsling til privatpersonar, helsetenester, fastlegar, politi og brukarorganisasjonar og andre relevante aktørar. Ved ei varsling må tenestene vite kva dei skal gjere og iverksette tiltak, som for eksempel auke tilgjengelegheita av nalokson, og gå breitt ut med informasjon til lokale tenester og personar i rusmiljøa.

Overdosefare.no har vore testa ut, og Helsedirektoratet tek sikte på at overdosefare.no vil vere operativ frå tidleg 2026.

Reseptbelagte legemiddel

I 2023 døydde nærmare 400 personar av overdoser i Noreg, og nærmare 450 personar døydde av alkoholrelaterte skadar. Førebels er det registrert rundt 300 narkotikautløyste dødsfall i 2024, og om lag 400 alkoholutløyste dødsfall. Dette er ein førebels nedgang frå 2023, men tala vil auke på grunn av etterregistreringar.

– Tradisjonelt har arbeidet med overdoseførebygging vore retta mot illegale rusmiddel, særleg opioider, men no legg vi samtidig fram ein eigen tiltaksplan for å førebyggje overdosedødsfall som følgje av reseptbelagte legemiddel. Det er no fleire overdosedødsfall som følgje av sterke smertestillande legemiddel enn av heroinforgifting, og eg har blant anna gitt helseføretaka viktige oppdrag på dette området, seier Vestre.

Dei viktigaste tiltaka

Den dekkjer tre hovudområde: Illegale rusmiddel, reseptbelagte legemiddel og alkohol. Her er nokre av dei viktigaste tiltaka:

Ivaretaking av etterlatne

  • Kommunane sine kriseteam og andre tenester som ivaretar etterlatne koblast også inn ved overdosedødsfall og ikkje dødelege overdoser.
  • Gjere kompetansen for handtering av overdosedødsfall tilgjengeleg for dei som utfører krisehjelp. Det er viktig at kriseteam og andre tenester som ivaretar etterlatne, er klar over det sosiale stigmaet som kan vere knytt til desse dødsfalla, og den ekstra belastninga dette medfører.
  • Tilsette i for eksempel skule og barnehage får opplæring i å møte og støtte barn som er etterlatne etter overdose.
  • Barn som etterlatne og pårørande bør sikrast rask tilgang til psykososialt kriseteam der dei får ein konkret kontaktperson. Barn i skulealder bør vurderast til kontakt med PPTs kriseteam.
  • Barn som pårørande får tilbod om støttesamtalar.

Illegale rusmiddel

  • Nasjonalt varslingssystem.
  • Alle relevante tenester skal ha beredskapsordningar, og kontinuerleg overvaking av rusmiddelsituasjonen.
  • Kommunane skal samarbeide tett med regionale overdosekoordinatorar for å førebyggje overdoser.
  • Befolkninga og helsepersonell skal få kunnskap om overdoser og risikofaktorar.
  • Nalokson skal bli meir tilgjengeleg.
  • Styrka støtte til pårørande, spesielt barn.
  • Vidareføre og utvikle skadereduserande tiltak, blant anna skal fleire få tilbod om legemiddelassistert rehabilitering (LAR), og det skal bli enklare å opprette sprøyterom og det opnast for etablering av rusmiddelanalyser.

Reseptbelagte legemiddel

  • Iverksette nasjonale rettleiarar og faglege anbefalingar for vanedannande legemiddel.
  • Auka bruk av alternative behandlingsmetodar ved langvarige smertetilstandar.
  • Etablering av spesialiserte helsetenester for pasientar med langvarige smerter og avhengigheit av vanedannande legemiddel.
  • Støtte til primærhelsetenesta gjennom rettleiingstenester og styrka dialog mellom apotek og fastlegar.
  • Kompetanseheving gjennom oppdateringsvisittar og utvikling av beslutningsstøtteverktøy.

Alkoholutløyste og alkoholrelaterte dødsfall

  • Etablere ei arbeidsgruppe som skal kartleggje utfordringsbildet, og foreslå tiltak for å redusere alkoholutløyste dødsfall.
  • Vurdere å igangsette nasjonal organisering av eBehandling for alkohol.

Handlingsplan mot overdoser (helsedirektoratet.no)

Kilde: Opprettar varslingssystem for særleg farlege rusmiddel (regjeringen.no)