Nye demensverktøy skal styrke utgreiing og hjelp til pårørande (Helsedirektoratet)
I overkant av 100.000 personar har demens i Noreg, men berre vel halvparten av desse har ein registrert diagnose. No blir fleire nye verktøy lanserte, som mellom anna skal bidra til betre utgreiing og diagnostisering av personar med demens.
![Nye demensverktøy skal styrke utgreiing og hjelp til pårørande (Helsedirektoratet)](/innhold/artikler/psykisk-helse/psyknytt/nye-demensverktoy-skal-styrke-utgreiing-og-hjelp-til-parorande-helsedirektoratet/_/image/4880bedf-9fa8-4a94-ac6c-a898b5c93c1c:e8058c2ed57dee210a1b3240f748b22fa4759ef1/width-780/demensCOLOURBOX54164568.jpg)
Demensplan 2025 er femårsplanen til regjeringa for å forbetre tenestetilbodet til personar med demens og pårørande deira. Planen skal bidra til eit meir demensvennleg samfunn og betre tenester. Utgreiing av demens er nødvendig for å utelukke andre sjukdommar og sikre tilrettelagde tilbod og tenester for personar med demens.
– Vi veit at det er eit stort forbetringspotensial knytt til utgreiing og diagnostisering av demens. Å få på plass nye og gode verktøy er viktig for å gi personar med demens og pårørande deira dei tenestene som dei har krav på, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
Les hele saken og finn verktøy: Nye demensverktøy skal styrke utgreiing og hjelp til pårørande (Helsedirektoratet)