Nye syntetiske opioid og blandingsbruk av rusmiddel skaper bekymring i Europa (Helsedirektoratet)

Sterke syntetiske stoff, nye stoffblandingar og endra bruksmønster kor fleire stoff oftare blir brukte i kombinasjon, er aukande utfordringar i Europa.

Nye syntetiske opioid og blandingsbruk av rusmiddel skaper bekymring i Europa (Helsedirektoratet)
Å oppdage nitazener og andre syntetiske opioid stiller høge krav til grensekontrollen. Ill. foto: Colourbox.
Publisert 18. juni 2024 | Sist oppdatert 17. juni 2024

Dette viser den nye rapporten European Drug Report 2024: Trends and Developments, frå det europeiske overvakingssenteret for narkotika og narkotikamisbruk (EMCDDA).

I tillegg kjem ein narkotikamarknad i stadig endring som stiller høge krav til grensekontrollen, særleg i europeiske hamner.

– Det som har vore ei aukande bekymring er nye syntetiske opioid, nitazener, og at fleire stoff oftare blir brukte i kombinasjon. Dette kan gjere at folk mistar kontrollen på kva stoff dei tek, noko som kan auke risikoen for helseskadar, seier Jakob Linhave, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet.

Les hele rapporten fra EMCDDA

Kilde: Nye syntetiske opioid og blandingbruk av rusmiddel skaper bekymring i Europa ( Helsedirektoratet)