Psykiske problem kombinert med høgt alkoholinntak aukar risikoen for tidleg død (FHI)

Psykiske problem kombinert med høgt alkoholinntak aukar risikoen for tidleg død
Psykiske problem kombinert med høgt alkoholinntak aukar risikoen for tidleg død (FHI)
Kombinasjon av psykisk sjukdom og høgt alkoholkonsum gir ekstra risiko. Ill.foto: Colourbox Foto: Colourbox
Publisert 31. mars 2020 | Sist oppdatert 13. september 2023

Risikoen for tidleg død doblar seg dersom ein har psykiske problem og drikk meir enn to glas vin per dag i gjennomsnitt. Det viser ein studie som Folkehelseinstituttet har leidd.

– Konklusjonen vår er at høg alkoholbruk og psykiske problem er sterkare knytt til negative helseutfall når dei opptrer saman enn kvar for seg, seier forskar Eirik Degerud.

Ei gruppe forskarar frå Folkehelseinstituttet, Universitetet i Oslo og University of Bristol har talfesta sjansen for å døy blant personar som rapporterer ulike kombinasjonsnivå av alkoholbruk og mentale helseproblem. Forskarane studerte rundt 200 000 nordmenn i 40-åra ved bruk av helseundersøkingar og Dødsårsaksregisteret. Dei undersøkte dødelegheita blant desse personane gjennom to tiår. I løpet av omlag 20 år døydde rundt 20 000 av dei 200 000 som vart studerte, altså rundt 10 prosent. Blant dei 400 som oppga at dei hadde psykiske problem kombinert med høgt alkoholinntak,  døydde rundt 100 personar, meir enn 20 prosent. Sjansen for å døy var altså dobbelt så høg i denne gruppa samanlikna med forventa dødelegheit i heile gruppa.

Les meir: Psykiske problem kombinert med høgt alkoholinntak aukar risikoen for tidleg død (FHI)

Artikkelen har tidligere vært publisert i nyhetsbloggen PsykNytt.

Les mer om