5.4 Elektrokonvulsiv behandling (ECT)

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

ECT kan vere eit alternativ for personar med bipolare lidingar som ikkje får effekt av andre tiltak. Dette er i tråd med retningslinjene frå NICE, som berre tilrår ECT når ein treng rask og kortsiktig betring av alvorlege symptom etter at eit adekvat forsøk med anna behandling har vore ineffektiv og/eller når tilstanden er potensielt livstruande, hjå personar med alvorlege (psykotiske) depresjonar, katatoni eller ein langvarig eller alvorleg manisk episode (246).
Det er framleis usikkert korleis ECT verkar (253). Det finst lite dokumentasjon for effekten av ECT spesifikt for bipolar depresjon etter nyare diagnostiske kriterium. Men effekten ved depresjon (254) er grundig dokumentert i eldre studiar der mange av pasientane hadde bipolare lidingar. Trass positiv effekt av ECT, er det skildra mange tilbakefall etter behandlinga (255).

Bipolare lidingar kan i seg sjølv vere knytte til kognitiv svikt. Det er framleis uklart om nedsett minne etter ECT skuldast behandlinga eller lidinga i seg sjølv. Studiar har funne at ein del av pasientane som har fått ECT, rapporterer langvarig nedsett minne (256), og at den mest effektive måten å gi ECT på, er forbunde med meir kognitive biverknader (254). Ein bør berre bruke ECT-apparat som leverer straum i form av korte firkantpulsar. Stimulering med sinusbølgjer gir større fare for kognitive biverknader (257).

Samla sett tilseier dette at ein bør vere tilbakehaldne med å bruke ECT. Det er derfor viktig å grundig vurdere nytten og risikoen ved ECT. Ein må også ta høgd for faren for tilbakefall etter ECT, og dei kognitive funksjonane bør vurderast før og etter behandlinga.

Juridiske forhold, informasjon og samtykke

Psykisk helsevernlova heimlar ikkje bruk av ECT utan samtykke frå pasienten. Berre i særlege nødrettsituasjonar kan ein bruke ECT utan samtykke frå pasienten (65).

Mange fryktar ECT og kjenner seg utrygge på behandlingsmetoden. Pasienten og den ansvarlege behandlaren skal saman ta stilling til spørsmålet om å bruke ECT. Pasienten må få god og fullstendig informasjon om fordelar og risikoar ved ECT. Ein skal minne pasienten om at han eller ho har rett til å trekkje tilbake samtykket. Dersom pasienten ønskjer det, er det sterkt tilrådd at pasienten sin pårørande eller rådgivar er med for å leggje til rette for ein open og god samtale om behandlinga. Usikkerheit rundt eventuelle langvarige biverknader gjer at god informasjon om nytten og risikoen er ein sentral del av rutinane ved bruk av ECT. Mangelfull informasjon kan føre til at samtykke blir gitt på sviktande grunnlag.