4.5 Fysisk helse og fysisk aktivitet

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Fysisk aktivitet er gunstig for den kroppslege helsa. Det er usikkert om effekten som er dokumentert ved depressive lidingar, også gjer seg gjeldande ved bipolare lidingar, men det er nærliggjande å tru det (151). Uansett er helsevinsten så stor at alle som har bipolare lidingar, bør oppmodast til regelbunden fysisk aktivitet.

Aktiv på dagtid tilbyr organisert fysisk aktivitet for folk som får trygdeytingar. Kommunale treningskontaktar kan også vere til stor hjelp (152). Mange kommunar har frisklivssentralar som tilbyr organisert fysisk aktivitet (153).

Du finn tips om fysisk aktivitet som tilbod på døgninstitusjonar i publikasjonen Fysisk aktivitet og psykisk helse – et tipshefte for helsepersonell om tilrettelegging og planlegging av fysisk aktivitet for mennesker med psykiske lidelser og problemer (154).