4.2 Individuell plan

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Alle som treng langvarige og koordinerte tenester, har rett på ein individuell plan (psykisk helsvernlova (64) § 4-1 og Forskrift om individuell plan etter helselovgivningen og sosialtjenesteloven (137)). Sjå Helsedirektoratet sin rettleiar om ”Individuell plan – veileder til forskriften” IS-1253 (138).

Brukaren skal samtykke til ein slik plan. Dersom brukaren ikkje samtykker, skal ein ikkje lage til ein individuell plan. Brukaren har like fullt rett til eit individuelt tilpassa tilbod, og ein skal fremje samarbeid mellom tenesteytarane.

Den individuelle planen skal vere ein overordna plan som mellom anna skal koordinere andre planar som ligg føre. Individuell plan skal sikre brukarmedverknad, styrke samarbeidet mellom helsetenestene og fordele ansvaret tydeleg. Intensjonen bak individuell plan er at brukaren sine eigne mål og behov skal bli kartlagde og vere utgangspunkt for tiltaka. Ein lyt difor leggje til rette for at brukaren skal kunne delta aktivt i prosessen.

Brukaren skal alltid ha ein sentral rolle i sjølve planarbeidet, i gjennomføringa og i oppfølginga av ein individuell plan. Brukaren skal bli informert om retten til individuell plan og kva ein slik plan er. Informasjonen er ikkje gitt før den er motteken og forstått. Ein skal også informere om høvet til å klage (forskrift om indivduell plan (137) §10). Brukaren kan, om han eller ho ynskjer det, ta med seg nokon som støtte eller rådgjevar i samarbeidet om planen. Brukaren kan også velje å ikkje delta i arbeidet eller få ein annan til å delta i sin stad.

Dersom brukaren ikkje samtykker, skal ein ikkje lage ein individuell plan. Brukaren har like fullt rett til eit individuelt tilpassa tilbod, og ein skal fremje samarbeid mellom tenesteytarar.

Etter at planen er utarbeidd, skal ein vurdere mellom anna dette:

- Er brukaren nøgd?

- Har brukaren fått høve til å medverke?

- Har tenestene blitt meir heilskapelege, betre koordinerte og meir individuelt tilpassa?

- Er tiltaka tilpassa ressursane og trongen til brukaren?

- Er samhandlinga mellom brukaren og fagpersonane og mellom dei ulike fagpersonane blitt betre?

- Er det sett ein frist for å evaluere planen?