4.11 Organisering av hjelpetilbodet

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Nesten alle personar med bipolare lidingar vil få tenester frå både primær- og spesialisthelsetenesta. Godt samarbeid og samordning av tiltak er vesentleg og må byggje på klåre ansvarstilhøve. Det er viktig å arbeide for kontinuitet i tilbodet, både innanfor primær- og spesialisthelsetenesta. Det er også viktig at tiltaka vert styrte av felles forståing for problema og moglege løysingar. Innsatsen skal som hovudregel vere forankra i ein individuell plan. Tiltak lyt rette seg mot dei spesielle problema som den bipolare lidinga gjev, men det kan vere like nyttig å setje inn tiltak som kan betre funksjonsevna og betre eiga meistring og livskvalitet.

Oppgåvedelinga bør vere fleksibel og pragmatisk, og vanlegvis vil det vere rimeleg om både primær- og spesialisthelsetenesta er involvert over lang tid og kjenner felles ansvar for personen. Primærhelsetenesta må kunne vente seg rask psykiatrisk konsultasjon ved tilbakefall eller vesentleg endring i tilstanden.

Bipolare lidingar er tilbakefallssjukdomar som ein sjeldan kan bli heilt frisk av. Behandlinga er difor langvarig, ofte livslang. Dette tilseier at ein legg vekt på nøyaktig diagnostikk, og diagnosen bør bli stilt eller stadfesta av spesialisthelsetenesta.

Eit mindretal i arbeidsgruppa meiner at ideelt sett burde all behandling av bipolare lidingar vere knytta opp mot spesialklinikkar.

Behandling av akutt mani eller blanda episode bør vanlegvis skje i regi av spesialisthelsetenesta. Mange vil trenge innlegging og endra medisinbruk. I mildare høve er det ikkje noko i vegen for å gjennomføre stimulireduksjon og medisinering utan innlegging, men det er naturleg at spesialisthelsetenesta er involvert i form av vurdering og rådgjeving.

Bipolar depresjon er oftast mild til moderat. Ved mild depresjon kan avventande observasjon og rådgjeving vere tilstrekkeleg. Ved moderat depresjon kan både psykoterapi og medikament kan vere nyttige tiltak, og det er rimeleg at spesialisthelsetenesta tek ansvar for vurdering av kva som skal gjerast. Eventuell psykoterapi er ei oppgåve for spesialisthelsetenesta. Gjennomføring av medikamentomlegging kan gjerne skje i samarbeid mellom fastlege og spesialist.

Ved alvorlege bipolare depresjonar kan det vere naudsynt med innlegging. Dette er særleg aktuelt når pasienten vert vurdert som suicidal, har psykotiske symptom, nedsett evne til eigenomsorg eller er engsteleg og agitert.

Det er spesialisthelsetenesta si oppgåve å starte opp tilbakefallsførebyggjande vedlikehaldsbehandling med medikament og psykoterapi. Oppfølginga av den medikamentelle behandlinga kan gjerne skje i nært samarbeid mellom pasienten, fastlegen og spesialisten.

Bipolare lidingar er langvarige. Pasientane treng oftast langvarig oppfølging og koordinert innsats av mange instansar. Alle distriktspsykiatriske senter (DPS) og barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar bør ha tilstrekkeleg kompetanse og kapasitet til å tilby diagnostikk og behandling på kvalifisert spesialistnivå.