4.12 Tilrådingar

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer
Tilrådingar Grad
Målet for behandlinga er å fri personen frå symptom på lidinga, vinne att funksjonen sosialt og på skulen eller arbeid og ta vare på den fysiske helsa. A
Ein må arbeide for å oppnå og halde ved lag ein god terapeutisk allianse. A
Pasientar med bipolar liding bør få tilbod om psykoedukasjon individuelt eller i gruppe. B
Når ein skal velje terapiform, bør ein ta utgangspunkt i kva pasienten sjølv, og foreldra dersom pasienten er mindreårig, ønskjer. B
Mange vil ha behov for skule- eller yrkesretta tiltak i tillegg til behandlinga. C
Litium reduserer sjølvmordsfaren ved bipolare lidingar. A
Når barn og unge har problem med å fungere på skulen, bør ein greie dette ut nærmare med tanke på ein individuell opplæringsplan. A
Er pasienten mindreårig, bør ein tilby hjelp for problem eller lidingar hjå familiemedlemer. B
Skule- eller yrkesretta tiltak er viktig for den sosiale identiteten, og for å oppleve at livet har meining. Individuell jobbstøtte (IPS) er det tiltaket som viser best effekt for personar med psykiske lidingar. A
For personar med ADHD i tillegg til bipolar liding, kan ein prøve sentralstimulerande medikament i tillegg til behandling for bipolar liding. B
Dette bør ein få tilbod om så tidleg som mogleg etter at diagnosen er stilt. A
Pasientar med bipolar liding bør raskt få hjelp når det oppstår varselsymptom på nye episodar. B
Psykologisk behandling kan førebyggje nye depressive episodar hjå menneske med bipolare lidingar. A
Psykologisk behandling kan førebyggje maniske og hypomane episodar. B
Familiefokusert behandling er effektivt ved bipolare lidingar. B
Interpersonleg og sosial rytmeterapi er effektivt ved behandling av bipolare lidingar. B
Kognitiv åtferdsterapi er effektivt ved behandling av bipolare lidingar. B
Ein bør tilby psykologisk behandling til pasientens barn og pårørande. C
Terapeuten skal jamleg undersøkje om pasienten er betre og opplever symptomlette. I samarbeid med pasienten bør ein finne eigna kartleggingsverktøy, slik at ein kan påvise endringar i symptom og funksjonsevne og dermed justere behandlinga. D
Personar som samtidig har bipolar liding og eit rusmiddelproblem, bør få samtidig og koordinert hjelp for begge lidingane. B
Alle som har bipolare lidingar, bør få tilbod om systematisk og strukturert samtalebehandling i kombinasjon med medikamentell behandling. A