Forside  

1.0 Innleiing

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Formålet med desse retningslinjene er å betre kvaliteten på helsetenestene for personar med bipolare lidingar. Retningslinjene gir råd om utgreiing og behandling for å sikre eit likeverdig og heilskapleg tilbod til pasientane, uavhengig av kvar i landet dei bur. Dei rettar seg mot alle som yter helsetenester til personar med bipolare lidingar.

Statens helsetilsyn ga i 2000 ut Stemningslidelser – kliniske retningslinjer for utredning og behandling (1). I 2005 sette Helsedirektoratet ned ei arbeidsgruppe for å begynne å revidere desse retningslinjene. Arbeidsgruppa tilrådde å gi ut to retningslinjer, ei for depresjon og ei for bipolare lidingar. Nasjonale retningslinjer for diagnostisering og behandling av voksne med depresjon i primær- og spesialisthelsetjenesten blei trykt i mai 2009 (2).

Nasjonale faglege retningslinjer for utgreiing og behandling av bipolare lidingar, som her ligg føre, er andre delen av revisjonsarbeidet. Retningslinjene er utarbeidde av ei breitt samansett arbeidsgruppe på bakgrunn av internasjonal forsking samt vitskaplege studiar og klinisk erfaring frå Noreg.