Forside   Innleiing  

1.3 Diagnostiske kategoriar

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

F30 Manisk episode: Denne kategorien skal brukast når personen har ein manisk eller hypoman episode, men aldri tidlegare har hatt mani, hypomani, depresjon eller blanda episode. Dersom personen seinare får ein slik episode, skal diagnosen endrast til bipolar liding.

F31.0-7 Bipolar liding type I: Personen har hatt meir enn éin episode av depresjon, mani, hypomani eller blanda episode, og éin av desse har vore mani.

F31.8 Bipolar liding type II: Personen har hatt depressive og hypomane episodar, men aldri mani. Utviklar pasienten seinare mani, skal diagnosen endrast til bipolar liding type I.

F31.9 Uspesifisert bipolar liding: Personen har stemningssvingingar som ikkje oppfyller diagnostiske kriterium for andre bipolare lidingar fordi symptoma anten er for få eller for kortvarige, og symptoma og funksjonsnedsetjinga ikkje kan forklarast betre av andre psykiske lidingar. Denne kategorien kan vere nyttig som arbeidsdiagnose i tidlege stadium av lidinga.


Mani, hypomani, depresjon og blanda episode er definert nærmare i kapittel 3.