Forside   Innleiing  

1.11 Førebygging og omgjering av uheldige økonomiske disposisjonar

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Personar med bipolare lidingar kan som følgje av lidinga utføre eller ønskje å utføre handlingar, for eksempel kjøp eller sal, som dei seinare angrar på.

Som ved all anna helsehjelp, må helsetenesta prøve å finne løysingar i samarbeid med den det gjeld, i form av frivillige ordningar tilpassa ønska og behova til den enkelte. Dersom vedkomande er under tvunge psykisk helsevern, vil behovet for vern mot slike uheldige økonomiske disposisjonar kunne vere eit moment når ein vurderer om pasienten bør få permisjon, eller om det er nødvendig å gjere eit vedtak for å avgrense samkvemmet med omverda (psykisk helsevernlova (64) § 4-5).

Når nokon er innlagd på ein institusjon eller har ei buform med heildøgnsomsorg eller -pleie, og institusjonen ser at det er behov for å umyndiggjere pasienten eller oppnemne hjelpeverje, skal institusjonen melde frå om dette til Fylkesmannen eller overformynderiet der vedkomande bur (66).

Når ein person med bipolar liding har gjort ei handling som kan ha rettslege skadeverknader for han sjølv, kan vedkomande ha rett til å få omgjort rettshandlinga (67). Kravet til forsvarleg og omsorgsfull hjelp vil i slike tilfelle kunne gi helsetenesta plikt til å setje i verk tiltak, først og fremst ved å hjelpe den enkelte til å gjere rettane sine gjeldande. Helsetenesta si oppgåve blir i slike tilfelle, i samråd med den det gjeld, og eventuelt (hjelpe)verje, å sikre at den andre parten blir gjort merksam på situasjonen, og å sjå til at den skadelege rettshandlinga blir stoppa og omgjort så langt som råd.

Har ein person gjort noko han blir kravd erstatning for under påverknad av ei bipolar liding, har skadeserstatningslova (68) § 1-3 reglar som kan verne vedkomande mot erstatningsansvar. Også her blir helsetenesta si oppgåve å hjelpe den det gjeld, med å gjere den andre parten merksam på situasjonen og krevje tilbake eventuell utbetalt erstatning.