9.1 Tiltak under opphaldet

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Opphaldet bør sikte mot at personen så raskt som mogleg vinn att funksjonsevna og tilstrekkeleg kontroll over symptoma til at han eller ho kan greie seg heime. Dette krev som oftast ein kombinasjon av miljøtiltak, psykologisk behandling og medisinar. Behandling i døgnpost skal, så langt det er mogleg, skje på pasienten sine premiss, og ein bør arbeide for å få til eit samarbeid, også om inngripande tiltak som for eksempel skjerming.

Dersom årsaka til innlegging er suicidalitet, må denne vurderast i tråd med nasjonale retningslinjer (132), slik det er omtalt i avsnitt 3.6. Vi vil særleg presisere at ein må vurdere sjølvmordsfaren hyppig heilt til han er over, og at epikrisen skal innehalde ei vurdering av sjølvmordsfaren ved utskriving.

Ved depresjon bør ein sikte mot å auke aktivitetsnivået, meistringskjensla og det sosiale engasjementet. Pårørande og andre samarbeidspartnarar bør involverast i den grad pasienten gir samtykke til det. Ved mani og blanda episode vil det ofte vere nødvendig å hindre at pasienten blir overstimulert. Det kan vere lurt å regulere kontakten med andre og bruken av massemedium i samråd med pasienten. Av og til kan pasienten vere i ein slik tilstand at ein må gjere vedtak om skjerming. Skjerming kan vere eit svært effektivt tiltak mot mani og blanda episode. Pasientar i slike episodar fell ofte raskt til ro og samlar seg når dei ikkje blir distraherte og oppjaga av unødvendige stimuli.

Skjerming

Skjerming blir definert som ”tiltak som innebærer at en pasient holdes helt eller delvis adskilt fra medpasienter og fra personell som ikke deltar i undersøkelse og behandling av og omsorg for pasienten. Tiltaket iverksettes av behandlingsmessige hensyn eller for å ivareta hensynet til andre pasienter.” Skjerming er heimla i psykisk helsevernlova (64) § 4-3 og er vidare regulert i Forskrift om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern m.m. (psykisk helsevernforskrifta) kap. 3 (334).

Skjerming kan vere eit stort inngrep, og pasienten skal vere med på å avgjere korleis skjerminga blir gjennomførd. Tilsette i det psykiske helsevernet meiner som oftast at skjerming er eit effektivt behandlingstiltak. Det finst derimot lite forsking som dokumenterer dette. Brukarorganisasjonane har vore kritiske til metoden, og pasientar har klaga over at skjerming blir opplevd som straff og tap av fridom (335).

Ein bør i lag med pasienten finne fram til skjermingstiltak som er effektive og samtidig individualiserte og på pasienten sine premiss. Dersom pasienten må skjermast frå andre pasientar, er det mange måtar å gjere det på, og ein bør prøve å få til eit tiltak som pasienten er einig i. Så lenge den aktuelle løysinga er fagleg forsvarleg, er det viktig å velje skjermingsløysingar som er slik pasienten ønskjer det (psykisk helsevernforskrifta (334) § 15). Målet bør vere å skape struktur, hindre overstimulering og unødvendig påverknad i periodar der stimuli frå omverda kan vere vanskelege å handtere på ein hensiktsmessig måte. Intensiv og individualisert miljøterapi kan vere like effektivt og kan brukast i staden for skjerming eller for å korte ned skjermingsperioden.