Talet på menneske som lev med diabetes aukar

Ifylgje FN er det no heile 463 millionar menneske i verda som lever med diabetes. Talet aukar ettersom det vert fleire menneske på kloden og fleire vert overvektige.

Talet på menneske som lev med diabetes aukar
Jente undersøk blodsukkeret. Foto: Colourbox
Åse Sofie Skjerdal og Anne Hilde Røsvik
Publisert 14. november 2023 | Sist oppdatert 14. november 2023

Forfattarar: Farmasøyt Åse Sofie Skjerdal og fysiolog Anne Hilde Røsvik 

Heile ein av tre er i dag overvektig og ein av ti er sjukeleg overvektig. Ikkje alle former for diabetes kan førebyggast – òg blant dei som lever normalt sunt vil nokon få diabetes type 2. Det er òg sett ein auke i diabetes type 1, som ikkje kan knytast til livsstil.

Vi vil her gje ei oversikt over gode informasjonskjelder i Helsebiblioteket om dei vanlege og dei meir sjeldne typane av diabetes. Nokre døme på ulike typar diabetes:

  • Diabetes type 1; bukspyttkjertelen (pancreas) produserer ikkje nok insulin
  • LADE (latent autoimmune diabetes of the adult); oppstår hos vaksne der cellene som produserer insulin vert øydelagde. Diabetes type 1 oppstår oftast hjå born og unge, så LADE vert av og til diagnostisert feil som type 2 diabetes.
  • Diabetes type 2; kroppen har problem med å ta opp insulinet (insulinresistens) og/eller har låg produksjon av insulin.
  • Svangerskapsdiabetes; diabetes som oppstår under graviditet.
  • Sjukdom i bukspyttkjertelen kan vere årsak til dårleg eller ingen produksjon av insulin.
  • Diabetes insipidus; ein sjeldan type diabetes som kjem av mangel på produksjon av ADH (antidiuretisk hormon).

Diabetes står for ei betydeleg sjukdomsbyrde i Noreg. Eit klart fleirtal av nye diabetestilfelle er av type 2. Reseptregisteret viser at talet på pasientar som brukar legemiddel for å senke blodsukkeret har auka år for år. God behandling er viktig. Personar med type 1- og type 2-diabetes har auka risiko for død og for ulike komplikasjonar av sjukdomen.

Helsebiblioteket har både norske og internasjonale kjelder til om god behandling og førebygging. Me nemner fyrst dei sentrale retningslinene og oppslagsverka, og deretter fylgjer lenker til behandling av komplikasjonar.

Om diagnostikk, behandling og å leve med sjukdommen

Folkehelseinstituttet har ei oversiktsside om diabetes med informasjon, fakta og råd. Her er òg Folkehelserapporten, indikatorar for ikkje-smittsame sjukdomar og ny forsking som lenke til artikkelen «Ikke økt risiko for misdannelser ved bruk av metformin i svangerskap med diabetes»

Diabetesforbundet har mykje praktisk informasjon til foreldre og unge med diabetes. Her kan du finne oppskrifter, chat-teneste, pasientinformasjon, diabetesline og kunnskap om sjukdomen.

Helsedirektoratet

UpToDate

UpToDate har omfattande innhald om alle typar diabetes hjå born, ungdom, vaksne og eldre. Du finn informasjon om så å seie alle tenkelege komplikasjonar og problemstillingar ved diabetes:

Emne innan diabetes som du finn her er:

  • Cardiovascular disease
  • Complications
  • Diagnosis
  • Fluid and electrolytes
  • Hypoglycemia
  • Interactive diabetes cases
  • Miscellaneous
  • Obesity and insulin resistance
  • Prediction and prevention
  • Pregnancy
  • Treatment

BMJ Best Practice

Komplikasjonar

Legemiddelhandboka omtalar akutte komplikasjonar: Diabeteskoma – ketoacidose, hyperglykemisk, hyperosmolært diabeteskoma, hypoglykemi og lactacidose.

Nasjonal rettleiar i endokrinologi har fleire kapittel om Diabetesbehandling i sjukehus

Dei nasjonal retningslinene frå Helsedirektoratet har òg mykje informasjon om komplikasjonar

Ny forsking innan diabetes

Er det nye håp for betre behandling av diabetes? Mykje forsking pågår for å finne betre behandling av alle typar diabetes. I seksjonen «Whats’s new in endocrinology and diabetes mellitus» kan du lese  om fleire nye interessante studiar og funn. Nokon av dei siste omtalene med anbefalingar under «Practice changing updates» i UpToDate er «Semaglutide for obesity in adolescents» og «Finerenone in patients with diabetic kidney disease».

Ein ny mote som er komen innan kosthald den siste tida er periodisk faste; eller tidsavgrensingar på når ei skal ete. Det er gjort ein ny studie på tiltaket hjå pasientar med type 2 diabetes, med nokre interessante resultat: Effect of Time-Restricted Eating on Weight Loss in Adults With Type 2 Diabetes: A Randomized Clinical Trial.

Me på Helsebiblioteket råder helsepersonell og andre interesserte til å fylgje med på nye artiklar frå McMaster, for å få dei beste studiane rett i e-posten!