Livmorhalskreft - kjelder til diagnostikk og behandling

Publiseringsdato 24.02.2023
Livmorhalskreft - kjelder til diagnostikk og behandling
Lege snakker med kvinne som er bekymra for livmorhalskreft. Foto: Colourbox

Livmorhalskreft er ein humant papillomavirus (HPV)-relatert malignitet. Helsebiblioteket har god informasjon på norsk og engelsk om førebygging, diagnostikk og behandling. Her omtalar me nokon av dei viktigaste ressursane.

Forfattarar: Anne Hilde Røsvik og Åse Sofie Skjerdal

Førebygging og diagnostikk

Alvorleg sjukdom kan førebyggast ved HPV-vaksinasjon, screening og behandling av høggradig dysplasi (celleforandringar). Her har det skjedd mykje med vaksinering dei siste åra, men det skjer også endringar i testinga og screeninga no i 2023.

Pasientar er vanlegvis asymptomatiske ved presentasjon. Screening er derfor svært viktig for å oppdage sjukdommen så raskt som mogeleg. Frå 1.1.2023 er det nye råd for screening. Kvinner i alderen 25-29 år vil få ei endring frå 1. juli 2023. Dei vil då følgje HPV-primærscreening.

Kan jenter og kvinner lite på testar? Kor stor er eigentleg feilmarginen? Kreftregisteret har ein god artikkel Livmorhalskreft og feilmargin, som oppklarer ein del av misforståingane rundt kvalitet på testsvar.  Ein viktig nyheit som skjer no i 2023 er at no vil òg kvinner frå 25-33 år testast primært for HPV, i staden for at ein før berre såg på cellene frå livmorhalsen i eit mikroskop. 

Behandling

Når sjukdommen er eit faktum så er det gode prognosar med riktig behandling. Overlevinga er høg; 82,6 prosent etter 5 år og 95,7 prosent om sjukdommen blir oppdaga på eit tidleg lokalisert stadium. Dei viktigaste kjeldene for behandling på Helsebiblioteket er Helsedirektoratets nasjonale retningsliner. Helsebiblioteket har òg andre gode internasjonale oppslagsverk om førebygging, diagnostikk og behandling.

BMJ Best Practice

UpToDate

 

Kjelder