Mot til å møte pasienten sine åndelege tankar og kjensler – ein kvalitativ studie (Sykepleien Forskning)

Studien er ein del av ein større studie der eit sjølvevalueringsverktøy innan åndeleg omsorg (EPICC-Tool) vart testa i fem land.

Mot til å møte pasienten sine åndelege tankar og kjensler – ein kvalitativ studie (Sykepleien Forskning)
Sjukepleiarstudentar kan evaluere eigen åndeleg omsorg med hjelp av nytt verktøy. Ill.foto: Colourbox.
Publisert 28. november 2023 | Sist oppdatert 28. november 2023

Bodil Bø, Venke Ueland, Tove Giske og Britt Moene Kuven

I tidsrommet 2016–2019 utvikla ei gruppe europeiske forskarar ein felles europeisk standard for utdanning i åndeleg omsorg for alle sjukepleiarutdanningar i Europa – EPICC Spiritual Care Education Standard – heretter omtala som EPICC-standarden. EPICC-standarden er omsett til norsk etter fastsett prosedyre. Standarden beskriv fire kjernekompetansar innan åndeleg omsorg for sjukepleiarstudentar etter fullført bachelorutdanning .

Med bakgrunn i EPICC-standarden vart det utvikla eit sjølvevalueringsverktøy innan åndeleg omsorg, kalla EPICC-Tool. Gjennom dette evalueringsverktøyet kan sjukepleiarstudentar evaluere eigne kunnskapar, ferdigheiter og haldningar relatert til åndeleg omsorg. Formålet med verktøyet er å auke bevisstheita kring åndeleg omsorg både knytt til studenten sine styrkar så vel som område ein ønskjer å utvikle.

Les hele artikkelen: Mot til å møte pasienten sine åndelege tankar og kjensler – ein kvalitativ studie (Sykepleien Forskning)