Opplegg for registrering av antall personer med psykisk utviklingshemming i kommunene
Rundskriv IS-3/2022 – Registrering av tal på personar med psykisk utviklingshemming i kommunane
Sist faglig oppdatert: 27.01.2022
Dette rundskrivet erstattar rundskriv IS-3/2021.
Tal på registrerte personar med psykisk utviklingshemming pr. 1. januar 2022 er med og dannar grunnlag for utrekning av rammetildelinga i inntektssystemet for 2023. Som grunnlag for kriteriedata for inntektssystemet 2023, skal alle kommunane sende inn tal pr. 1. januar 2022.
Vi ber kommunane å registrere og sende oss tal på personar som:
- a) har diagnostisert psykisk utviklingshemming, eller
b) har ein diagnostisert sjeldan tilstand/kromosomliding som medfører psykisk utviklingshemming, eller
c) har skriftleg stadfesting frå lege eller psykolog på at tilstanden til vedkommande oppfyller diagnosekriteriene for psykisk utviklingshemming, slik desse går fram av diagnosekode F70-F79 i ICD-10 eller diagnosekode P85 i IPCP-2. Det er ein føresetnad for slik stadfesting at det ikkje ligg føre tvil om at personen oppfyller kriteria. - og er fylt 16 år pr. 1. januar 2022.
- og pr. 1. januar 2022 har vedtak om tenester etter helse- og omsorgstenestelova § 3-2 første ledd nr. 6, medrekna BPA etter § 3-8, eller får omsorg av ein person som har vedtak om omsorgsstønad og/eller avlastning etter helse- og omsorgstenestelova § 3-6 nr. 2 og 3.
Unntak
Kommunen skal ikkje registrere personar som:
- bur i ein av Landsbystiftelsen sine bukollektiv eller landsbyar
- personar som det vert gitt vertskommunetilskot for, sjå oversikt over kommunar som får vertskommunetilskot.
Nærare om registreringa
Personar med mistanke om psykisk utviklingshemming bør greiast ut av spesialisthelsetenesta. Dette gjeld spesielt personar med lett grad av utviklingshemming ettersom rett diagnose kan ha store konsekvensar for personen. Dette er ikkje eit krav, men ei tilråding frå Helsedirektoratet.
For å hjelpe med registreringa i kommunen, har Helsedirektoratet arbeidd ut ein oversikt over diagnosar som kan innebere utviklingshemming (vedlegg nr. 4). Diagnoselista er berre rettleiande og tyder ikkje at det er endring i krav for rapportering.
Den kommunen der personen bur og får tenester (heimkommunen), og som pr. 1. januar 2022 har det økonomiske ansvaret for tenestene til personen, skal registrere personen. Også der heimkommunen kjøper tenester til vedkommande i ein annan kommune eller frå private aktørar, skal heimkommunen registrere personen.
Dersom ein person oppheld seg og får tenester i to ulike kommunar, og begge kommunane pr. 1. januar 2022 har fatta vedtak om tenester til personen, skal det føreligge ein avtale mellom kommunane om kva for ein kommune som registrerer personen.
Registreringa skjer i Altinn-skjemaet «Registrering av tall på personar med psykisk utviklingshemming». Kommunen (den personen som har fullmakt) fyller ut skjemaet, signerer og sender det inn til Helsedirektoratet gjennom Altinn.
Kontroll av registrering
Kommunen har sjølv ansvaret for at registreringa er korrekt. Kommunens revisor skal kontrollere at registreringa er gjort slik det står i rundskrivet, inkludert dokumentasjon for diagnoseregistreringa for nye registrerte personar. Kontrolloppdraget skal utførast i samsvar med ISRS 4400 "Avtalte kontrollhandlingar". Revisor og kommunedirektør signerer på skjema for revisorattestasjon. Skjemaet skal oppbevarast i kommunen for eventuell seinare kontroll.
I tillegg skal revisor og kommunedirektør signere elektronisk i Altinn.
Tidsfrist
Frist for registrering og innsending i Altinn er 2. mai 2022.
Spørsmål
Spørsmål til rundskrivet sendes postmottak@helsedir.no. Merk e-posten med saksnummer 15/1524.
Elektronisk rapportering via Altinn
Sist faglig oppdatert: 27.01.2022
Kommunene skal fylle ut skjemaet i Altinn, signere og sende det inn gjennom Altinn til signering av revisor.
Som ei overgangsordning skal skjema for revisorattestasjon (vedlegg 2) framleis bli fylt ut, signert og oppbevart i kommunen for eventuell seinare kontroll.
Signering på skjemaet i Altinn
For deg som skal rapportere:
- Du må skaffa deg MinID eller ein av dei andre innloggingsalternativene til Altinn (obligatorisk)
- Du må be om å få delegert rolla «Helsa, sosial og velferdstenester» i verksemda di (obligatorisk)
- Den enkelte revisor som skal signera på skjemaet må ha rolle enten som "ansvarleg revisor" eller "revisormedarbeidar" (obligatorisk)
- Ved innlogging må ein velja å representera kommunen (verksemda), og ikkje seg sjølv. Dette gjeld både den som skal fylla ut skjemaet på vegner av kommunen og den ansvarlege revisoren (obligatorisk)
- Skjemaet blir utfylt og blir signert av kommunen. Skjemaet blir dermed frigjort og sendt til den ansvarlege revisoren
- Skjemaet blir kontrollert, blir signert og blir sendt inn av revisoren. Skjemaet blir dermed sendt til Helsedirektoratet.
Registrering av revisor i Einingsregisteret
Revisor må vera registrert som revisor for verksemda i Einingsregisteret for å kunna signere på skjemaet. Verksemda må nytta Samordnet registermelding for offentleg forvaltning på Altinn for å melda revisor. Kommunestyret kan sjølv avgjera om kommunen skal tilsetja eigne revisorar, delta i interkommunalt samarbeid om revisjon, eller inngå avtale med annan revisor. Det er lagt til rette for å melda revisor uansett korleis kommunen organiserer revisjon, enkelt og elektronisk ved bruk av Samordnet registermelding for offentleg forvaltning. Dersom skjema blir sendt inn av eit underlagt organisasjonsledd i kommunen (til dømes helse- og sosialetaten i ein kommune), må revisor vera registrert for denne verksemda.
Når revisorrolla er registrert på verksemda i Einingsregisteret, vil revisor automatisk få Altinn-rollen "ansvarleg revisor" og revisor kan signera på det aktuelle skjemaet for kommunen. I tilfelle der eit revisorfirma er registrert på kommunen i Einingsregisteret er det dagleg leiar av revisorfirmaet som skal få Altinn-rollen "ansvarleg revisor". Dagleg leiar kan sjølv delegera rollene "Ansvarlig revisor" og "Revisormedarbeider" vidare til tilsette i firmaet.
Grensejusteringar mellom kommunar
Kontakt
Helsedirektoratet: postmottak@helsedir.no. Merk e-posten med saksnummer 15/1524.
For rettleiing i spørsmål om innlogging, navigering eller delegering av roller: Kontakt Altinn brukerservice: 75 00 60 00 / support@altinn.no.
Kommunar som får vertskommunetilskot i 2022
Sist faglig oppdatert: 27.01.2022
- Askøy
- Sogndal
- Brønnøy
- Bærum
- Egersund
- Kinn
- Gran
- Halden
- Hamar
- Holmestrand
- Hå
- Trondheim
- Kvam
- Kvæfjord
- Indre Fosen
- Orkland
- Moss
- Nome
- Nord-Aurdal
- Ringerike
- Ringsaker
- Saltdal
- Sortland
- Stange
- Stjørdal
- Sandefjord/Stokke
- Søndre Land
- Vestnes
- Østre Toten
- Ålesund
- Ås