Munnstell til born og unge

Utgitt av:
Helse Bergen

Versjon:
1.0

Siste litteratursøk:

Helsepersonell prosedyren gjelder for:
Helsepersonell på sjukehus

Pasienter prosedyren gjelder for:
Born og unge i spesialist- og primærhelsetenesta som treng hjelp til å oppretthalde tilfredsstillande munnhygiene

Hensikt og omfang

Munnstell for sjuke born og unge er svært viktig fordi behandlinga og/eller sjukdommen gjev auka risiko for orale sjukdommar/tilstandar som karies, tannkjøttssjukdommar og tannerosjon. Infeksjonar knytt til tenner kan auke risiko for systemiske komplikasjonar (1).

Føremål:

(2-6)

  • Fjerne plakk på tenner og hindre oppvekst av bakteriar i munnhola for å førebyggje karies og tannkjøttssjukdommar
  • Bidra til å bevare slimhinnene fuktige og frie for sår

Hensikt med munnstellet er så langt mogleg:

(7-11)

  • Å førebyggje/lindre dårleg ande og karies ved å fjerne plakk og matrestar
  • Å halde lepper og munnslimhinner reine, mjuke og intakte
  • Å førebyggje infeksjon
  • Å optimalisere peroralt nærings- og væskeinntak
  • Å fremje velvære og livskvalitet

Fremgangsmåte

Kartlegging før igangsetjing av munnstell

  • Vurdere grad av mukositt. Sjå vedlegg Mukositt - vurdering og tiltak (PDF).
  • Er pasienten medvitslaus må det takast spesielle omsyn ved munnstellet (12).
  • Ved behov kan Proxident fingerbeskyttar brukast.
  • Ved munnstell ved vask så bøyer pasienten hovudet lett bakover.
  • Leie ved munnstell i seng: helst sideleie eller høgt ryggleie. Unngå flatt ryggleie fordi det kan føre til at væske renn bakover og forbi svelget.

Informasjon

(13, 14)

  • Informer pasient og/eller foreldre om tydinga av regelmessig munnstell og at dei seinare må ivareta munnstellet sjølv.
  • Forklar kort korleis munnstellet blir utført.
  • Skriftleg pasientinformasjon om munnstell blir levert til pasientar og/eller foreldre. Sjå vedlegg Pasientinformasjon (PDF).

Smitteverntiltak

(15)

  • Handhygiene er det viktigaste enkelttiltaket mot overføring av sjukehusinfeksjonar. På institusjonar er pasientar i større grad utsett for å få infeksjon enn elles i samfunnet ettersom pasientar der lever tett innpå andre sjuke, og at mange har svekka motstand mot infeksjonar.
  • Handhygiene utførast før og etter munnstell.
  • Munnstell er ein rein prosedyre og det er ikkje behov for sterile hanskar. Individuelle omsyn må takast ved alvorleg immunsupprimerte pasientar.

Smørjing av lepper

  • Ved tørre, såre lepper start og avslutt alltid munnstellet med å smørje lepper. Bruk til dømes Proxident leppebalsam eller anna eigna leppesalve.

Reingjering av tenner og tunge

(13, 16)

  • Har pasienten tenner, blir desse pussa med mjuk tannbørste med eit lite børstehovud eller ein elektrisk tannbørste.
  • Puss to gongar dagleg med fluortannkrem utan såpestoff, til dømes Zendium.
  • Alle med tenner bør børste med fluortannkrem morgon og kveld. Tilpassing av tidspunkt kan endrast etter eigne behov, men rutinen oppretthaldast to gonger dagleg.
  • Hugs å reingjere tunga ved hjelp av tannbørsten.
  • Tannkrem bør innehalde 0,1 % fluorid (1000ppm) for dei yngste borna (under 5–6 år). Eldre born kan bruke tannkrem med 0,15 % fluorid (1500ppm). Andre fluorpreparat bør brukast i tillegg når tenner treng ekstra vern til dømes ved munntørrleik og i sjukdomsperiodar. Sjå vedlegg Munnpleiemidlar (PDF).
  • Tannkrem mengde aukar gradvis frå knapt synleg mengde (0.1 ml) til ein mengde tilsvarande born sin veslefingernegl ved 1-års alder. Den aukar vidare til ertestor mengde (0.25 ml) frå 3-års alder. Frå 5-6 års alder kan mengde auke ytterlegare. Sjå vedlegg Rettleiar - mengde tannkrem (PDF).
  • Tannbørsten blir plassert i ca. 45 gradars vinkel mot tennene, ned langs tannkjøttet.
  • Puss med små horisontale vibrerande rørsler, fram og tilbake.
  • Friske born og unge bør få hjelp med tannpuss inntil borna kan utføre tannpuss sjølv omlag ved 10 års alder. Alder vil vere underordna evne til tannpuss ved sjukdom.

Reingjering av slimhinner viss tannpuss ikkje er mogleg

(4, 6, 9, 10, 17)

  • Reins slimhinner og tenner for bakteriebelegg, matrestar og slim med hydrogenperoksid 3% fortynna til 0.1% (fortynnast til ca. 0,1% ved å blande 1ts (5ml) i ¾-1 glas vatn). For alternative skyljemidlar, sjå vedlegg Munnpleiemidlar (PDF).
  • Bruk tupfer og låsbar pinsett framfor eingongs munnsvaber. Låsbar pinsett gjer god pasientsikkerheit ved at ein førebyggjer at tupfer hamnar på feil plass til dømes i svelget.
  • Lås tupfer i ein låsbar pinsett. Pass på at tuppen er dekka. Dypp tupfer i valt reinsemiddel, og vri av overflødig væske.
  • Pinsetten blir halde i eit blyantgrep.  Bruk penslande rørsle slik at slim og liknande væske kjem fram og ut av munnen. Pass på å kome godt til i overgangsfolden, og jobb systematisk og byt tupfer ofte. Hugs å reingjere gane (video, 5:40 min.).
  • Viss munnsvaber blir brukt i staden for tupfer, så hugs at munnsvaber er eingongs og skal kastast etter kvar bruk.
  • Ved såre slimhinner kan ein dyppa tupfer/munnsvaberen i reseptbelagt munnskyljevæske Andolex for å få ein smertelindrande og anti-inflammatorisk effekt.

Smørjing av slimhinner

(7)

  • Dette er spesielt viktig ved munntørrleik.
  • Smør heile munnhola for å beskytte slimhinner og hindre uttørke. Ein kan til dømes bruke Proxident gel eller spray.
  • Ved såre slimhinner kan Aloclair gel brukast til å smørje slimhinner. Det fungerer som eit mekanisk plaster, og beskyttar slimhinner.

Etter ferdig munnstell

(18)

  • Tannbørsten skyljast godt under rennande vatn og plasserast med børstehovudet opp i eit tannglas så den får lufttørke.
  • Tannbørsten bør skiftast kvar 14. dag når pasienten har nedsett immunforsvar.
  • Munnsvaber er eingongsutstyr og kastast rett etter bruk.
  • Fleirgongsutstyr (pinsett) reingjerast i springvatn og oppbevarast tørt mellom kvart munnstell. Reingjerast og desinfiserast i instrumentvaskemaskin ein gong kvar veke.
  • Fleirgongsutstyr reingjerast og desinfiserast i instrumentvaskemaskin mellom kvar pasient.

Dokumentasjon

  • Relevant opplysning som omhandlar pasientens munnhelse bør dokumenterast i pasienten sin journal/kurve for å gje forsvarleg helsehjelp til pasienten.

Generell informasjon

(3-5, 8, 19-24)

Følgjande munnhelseproblem kan auke behovet for fokus på riktig utført munnstell:

  • Munntørrleik
  • Sårheit, blemmer og smerte i munnhola (mukositt)
  • Bløding
  • Smaksforstyrring
  • Dårleg ande
  • Tale- og svelgvanskar
  • Soppinfeksjon
  • Karies
  • Tannerosjon
  • Mineraliseringsforstyrring (svakheit i tannemalje)

Behandling eller medikament som kan ha ugunstig verknad på munnhelsa:

  • Kjemoterapi
  • Strålebehandling
  • Medikament som har biverknad som kan gje munntørrleik
  • Sukkerhaldig medikament

Andre sjukdomsrelaterte forhold med uheldig verknad på munnhelsa:

  • Dehydrering
  • Sukkerhaldig kosthald og medikament
  • Problem med matinntak og redusert tygging
  • Oppkast
  • Redusert immunforsvar
  • Veksthemming (bittforstyrringar, trongstilling av tenner og vanskelegare forhold for oral hygiene)
  • Endra bakterieflora og sekundær infeksjon
  • Angst og depresjon (fører til mindre interesse for å oppretthalde den orale helsa)
  • Nedsett allmenntilstand
  • Enkelte sjukdommar til dømes kreft og medfødd hjartefeil 

 

Referanser

  1. Foster H, Fitzgerald J. Dental disease in children with chronic illness. Arch Dis Child. 2005;90(7):703-8.
  2. Thorsen L, Mjelde PJ, Hefte M, Oftedal SF. Munnstell til voksne pasienter. Helsebiblioteket: Helse Bergen; 2016.
  3. Nowak AJ, Warran JJ. Preventive dental care and counseling for infants and young children. UpToDate 2019.
  4. Lalla RV. Best practice. Oral mucositis. UK, BMJ; 2018.
  5. Campisi G, Pizzo G. Best practice. Gingivitis. UK, BMJ; 2019.
  6. Taylor J. Best practice. Oral aphthous ulcers. UK, BMJ; 2018.
  7. Nasjonale faglige retningslinjer. Palliasjon til barn og unge. Kapittel 7. Munntørrhet og andre plager fra munn og svelg. Oslo: Helsedirektoratet; 2017.
  8. Position of the American Dietetic Association: Oral Health and Nutrition. Journal of the American Dietetic Association. 2007;107(8):1418-28.
  9. Kettler P, Kaland S, Hansen M. Munnstell til kreftsyke barn. Sykepleien 2010;98(7):50-3.
  10. Thorsen L. Lindring av munnhuleproblemer. Sykepleien. 2016.
  11. Porter SR, Fedele S. Best practice. Halitosis. UK, BMJ; 2017.
  12. Nybro LR. Munnstell til intuberte barn. Helsebiblioteket: Oslo universitetssykehus; 2011.
  13. Nasjonale faglige retningslinjer. Tannhelsetjenester til barn og unge 0–20 år.  Kapittel 2. Helsefremmende og forebyggende tannhelsetjenester til alle barn og unge. Oslo: Helsedirektoratet; 2019.
  14. Nasjonale faglige retningslinjer. Tannhelsetjenester til barn og unge 0–20 år.  Kapittel 3. Forebyggende tannhelsetjenester og oppfølging av barn og unge med risiko for tannsykdom. Oslo: Helsedirektoratet; 2019.
  15. Folkehelseinstituttet. Håndhygieneveilederen 2017.
  16. Barrow L. Mouth care-oral care of the paediatric oncology pasient and haematopoieitic stem cell transplant patient. The royal childrens hospital, Melbourne; 2018.
  17. Lalla RV, Bowen J, Barasch A, Elting L, Epstein J, Keefe DM, et al. MASCC/ISOO clinical practice guidelines for the management of mucositis secondary to cancer therapy. Cancer. 2014;120(10):1453-61.
  18. Kennedy HF, Morrison D, Tomlinson D, Gibson BES, Bagg J, Gemmell CG. Gingivitis and Toothbrushes: Potential Roles in Viridans Streptococcal Bacteraemia. Journal of Infection. 2003;46(1):67-70.
  19. Gross EL. Oral and systemic health UpToDate 2019.
  20. Mawardi HH, Al-Mohaya MA, Treister NS. Oral health in cancer Survivors. UpToDate 2018.
  21. Younai FS. Best practice. Oral candidiasis. UK, BMJ; 2019.
  22. Habib G, Lancellotti P, Antunes MJ, Bongiorni MG, Casalta J-P, Del Zotti F, et al. 2015 ESC Guidelines for the management of infective endocarditis. The Task Force for the Management of Infective Endocarditis of the European Society of Cardiology (ESC). G Ital Cardiol (Rome). 2016;17(4):277-319.
  23. Roberts IF, Roberts GJ. Relation between medicines sweetened with sucrose and dental disease. Br Med J. 1979;2(6181):14-6.
  24. Babu KLG, Doddamani GM, Naik LRK, Jagadeesh KN. Pediatric liquid medicaments - Are they cariogenic? An in vitro study. J Int Soc Prev Community Dent. 2014;4(2):108-12.

Utarbeidelse

Utgitt av:
Helse Bergen

Godkjent av:Sigbjørn Suk Løes, avdelingssjef.

Forfatter(e):
Michelle Knarvik, tannpleier - Marianne Bøe, spesialsykepleier - Jannicke Saue, sykepleier - Helene Valdal Takvam, tannpleier - Tine Birkeland Sivertsen, overtannlege - Sissel Frostad Oftedal, sykepleier.

Vilkår for bruk

For at du som helsepersonell skal kunne bruke denne prosedyren, må den være godkjent i helseforetaket ditt. Dokumentene på Fagprosedyrer.no er utarbeidet av helsepersonell i helsetjenesten i Norge i deres arbeidstid. Vanlige regler for kildehenvisninger til dokumentene gjelder.

(/fagprosedyrer/ferdige/munnstell-til-born-og-unge)