Frisklivssentralane aukar livskvaliteten til deltakarane (Helsedirektoratet)

Tilboda i frisklivssentralane når dei rette gruppene og gir pasientane betre fysisk og psykisk helse, viser ein ny rapport frå Helsedirektoratet. 

Frisklivssentralane aukar livskvaliteten til deltakarane (Helsedirektoratet)
Frisklivssentralane virker godt og er kostnadseffektive, ifylgje ny rapport. Ill. foto: Colourbox.
Publisert 18. november 2025

Rapporten Arbeidet i og effekt av tilbodet i kommunale frisklivssentralar, som er laga på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet, konkluderer med at frisklivssentralane er eit kostnadseffektivt verkemiddel mot ikkje-smittsame sjukdomar.

Mange nordmenn har kroniske sjukdomar som diabetes, kols, hjarte- og karsjukdomar, muskel- og skjelettplager og psykiske lidingar. I tillegg aukar delen som har overvekt og fedme – faktorar som gir høgare risiko for dårleg helse og livskvalitet.

– Mange av desse helseutfordringane kan førebyggjast og handterast dersom den enkelte får god rettleiing og støtte. Rapporten viser at dei kommunale frisklivssentralane når høgrisikogrupper og personar med samansette helseutfordringar, og er eit effektivt tilbod som vi meiner bør styrkjast, helsedirektør Cathrine M. Lofthus

Les hele saken: Frisklivssentralane aukar livskvaliteten til deltakarane – Helsedirektoratet