Har undersøkt faresignala blant unge døgnet før sjølvmordsforsøk (Suicidologi)

Viss ungdomar trekkjer seg tilbake frå aktivitetar, har konfliktar med foreldra eller kommuniserer sjølvmords­tankar eller ­planar, skal vi vere obs, ifølgje forsking.

Har undersøkt faresignala blant unge døgnet før sjølvmordsforsøk (Suicidologi)
Tilbaketrekking frå aktivitetar kan vere eit faresignal, Ill. foto: Colourbox.
Publisert 06. januar 2026

Silje Pileberg

Medan tidlegare studiar har identifisert meir lang­siktige risikofaktorar for sjølvmordsforsøk blant unge, har forskarar no sett nærmare på korleis helsearbei­darar, pårørande og andre kan forstå det når risikoen for eit sjølvmordsforsøk er aller størst. To tredjedelar av planlegginga av eit sjølvmords­forsøk skjer nemleg dei siste tolv timane før forsøket blir gjennomført, ifølgje tidlegare forsking gjort av Alexander J. Millner og kollegaer.

Tilbaketrekking frå sosiale aktivitetar

Gjennom sms­rapportar frå rundt 1.000 ungdomar mellom 13 og 18 år og intervju med vel 100 av dei, samt med foreldra deira, har forskarar identifisert faresignal som kan oppstå dei siste 24 timane før eit sjølvmords­forsøk.

Studien blei leia av Cheryl King, professor i psy­kiatri ved University of Michigan.Både foreldre og ungdomar peika på fleire typar faresignal. Då forskarane analyserte dataa nærmare, stod dei att med to ting som begge grupper rapporterte om: at ungdomane trekte seg tilbake frå sosiale eller andre aktivitetar, og at dei kommuniserte sjølv­mordstankar eller ­planar (engelsk: «suicidial commu­nication»). Slik kommunikasjon kan skje både direkte og indirekte, og han kan også ha form av trugslar om å ta sitt eige liv, forklarer Anne Brager­Larsen, psykolog­spesialist i barne­ og ungdomspsykiatrien ved Diakon­hjemmet sykehus.

Les hele artikkelen: Har undersøkt faresignala blant unge døgnet før sjølvmordsforsøk (Suicidologi)