Medverknad og deltaking for tilsette

Medverknad og deltaking for tilsette i helse- og omsorgssektoren bidreg til å fremja eit demokratisk, effektivt og inkluderande, arbeidsliv. Medverknad i organisering og planlegging av tenestene gjer det lettare å inkludera tenestemottakarane i utøving av tenestene.

Publisert 11. november 2019 | Sist oppdatert 31. januar 2020

Klikk her for å lese oppsummeringa av kunnskap (pdf)

Samandrag på engelsk   Samandrag på samisk

Bakgrunn

Forsking og utviklingsarbeid har vist at dagens norske arbeidsliv har eit ubrukt potensiale når det gjeld tilsette sin medverknad og deltaking i sektoren. I denne sektoren er sjukefråværet høgare enn ønska, og det er eit problem med for tidleg avgang frå arbeidslivet. Arbeidslivshelsa er med andre ord ikkje god nok. Denne kunnskapsoppsummeringa har som mål å gje tilsette og leiarar i dei kommunale helse- og omsorgstenestene meir kunnskap om medverknad og deltaking og korleis ein kan påverka prosessar som støttar arbeidslivdemokratiet, fremja effektive og gode tenester, og betra arbeidshelsa. 

Kunnskapsbidrag

Arbeidsgjevar har rett og plikt til å leggja til rette for reell medverknad og deltaking, og denne plikta er stadfesta i statlege føringar. Denne plikta vert i mange høve ikkje etterlevd av dei ansvarlege. Oppsummeringa viser at mange tilsette opplever ubalanse mellom ansvar og mynde og svak medverknad når det gjeld eige arbeid, i organiseringa av arbeidet og i plan- og strategiarbeid. Den viser at tilsette kan betra arbeidsmiljøet, medverka og delta på arbeidsplassen dersom dei får høve til det. Arbeidslivsdemokrati og effektivitet i tenestene (dvs. tilhøvet mellom det som vert gjort/produsert og kostnadene) og arbeidslivshelse er truga om ikkje medverknad og deltakinga frå tilsette og deira representantar vert tatt på alvor, og integrert i dagleg drift og styring.

Kunnskapsoppsummeringa svarar på fylgjande hovudspørsmål: 

  • Kva fremjar og kva hemmar medverknad og deltaking for tilsette i helse- og omsorgstenestene i kommunal sektor? 
  • Kva for ressursar og verkty kan takast i bruk for å sikra medverknad, deltaking og inkluderande arbeidsliv i helse- og omsorgstenestene i kommunal sektor?