Graviditetsplanlegging med ADHD-medisinering: Ny innsikt om risiko for spontanabort (FHI)

Ei nyleg gjennomført studie har undersøkt korleis bruk av medisin mot ADHD under svangerskap kan påverke risikoen for spontanabort. Resultata viser at risikoen for spontanabort er høgare hos kvinner med ADHD som nyttar medisinar, enn dei som ikkje brukar medisinar i svangerskapet.

Graviditetsplanlegging med ADHD-medisinering: Ny innsikt om risiko for spontanabort (FHI)
Kvinner som brukar ADHD-medisinar har opp til ni prosent høgare risiko for spontanabort. Ill. foto: Mostphotos.
Publisert 24. februar 2026

I studien har ein undersøkt samanhengen mellom bruk av ADHD-medisinar og spontanabort, definert som svangerskapstap før veke 20. Ved bruk av nasjonale registerdata frå Noreg har forskarar samanlikna nær 3 000 svangerskap som enda i spontanabort med over 10 000 som resulterte i levande fødslar blant personar med ADHD.

Risiko for spontanabort ved bruk av ADHD-medisin

Det har tidlegare vore estimert at risikoen for spontanabort i den generelle befolkninga er om lag 17 %, og at kvinner med ADHD har litt høgare risiko, med om lag 3 ekstra tilfelle per 100 svangerskap. Resultat frå denne studien viser at blant kvinner som brukar ADHD-medisinar under svangerskapet aukar risikoen moderat med opp til 9 ekstra spontanabortar per 100 svangerskap. Tala er justerte for faktorar som andre psykiske lidingar og bruk av andre medisinar som kan påverke risikoen for spontanabort.

figur med fargede figurer
Figur: Tidligere forskning viser at 17 av 100 graviditeter ender i spontanabort i den generelle befolkningen (svart), og at kvinner med ADHD har 3 ekstra tilfeller (gul). Ny forskning indikerer at bruk av ADHD-medisiner øker risikoen med ytterligere 9 spontanaborter (gul m/ blå linje).

Studien viste ein auka risiko for spontanabort med ADHD-medisinar generelt, med dei vanlegaste medisinane som metylfenidat, lisdexamfetamin og atomoksetin. I studien peiker òg forskarane på behovet for vidare forsking for betre å forstå den auka risikoen for spontanabort blant kvinner som nyttar ADHD-medisinar under svangerskap.

– Vi veit framleis lite om dei biologiske mekanismane bak denne risikoen, spesielt korleis medisinar verkar inn på blodtrykk og blodtilførsel til livmora, seier Jacqueline Cohen, prosjektleiar og seniorforskar ved FHI.

Å utforske korleis ulike dosar påverkar risikoen, samanlikne ulike typar ADHD-medisinar, og vurdere andre faktorar som livsstil og kosthald vil gje verdifull innsikt. Slik forsking kan bidra til tryggare behandlingsalternativ for gravide med ADHD.

Les hele artikkelen: Graviditetsplanlegging med ADHD-medisinering: Ny innsikt om risiko for spontanabort (FHI)