Slår eit slag for god behandling av hjerneslag

Hjerneslag er på fjerde plass på topp ti lista over sjukdomar som kostar samfunnet mest. Heile 14,28 milliardar i året kostar sjukdomen og opphald på sjukeheim er den største utgifta.

Slår eit slag for god behandling av hjerneslag
Eldre mann som har hatt slag. Foto: Colourbox51016405
Anne Hilde Røsvik og Åse Sofie Skjerdal
Publisert 06. november 2023 | Sist oppdatert 06. november 2023

Forfattarar: Farmasøyt Åse Sofie Skjerdal og fysiolog Anne Hilde Røsvik 

For den einskilde person er konsekvensane store. Slag er den største årsaka til funksjonshemming  i Noreg og den tredje hyppigaste dødsårsaka ifølgje Sjukdomsbyrderapporten frå 2016. Rapporten «Framtidens utfordringer for folkehelsen» har rekna ut at hjerneslag vil ha tredjeplassen òg i 2050.

Det har nyleg vore Internasjonal dag for hjerneslag. Me kan håpe at det vil føre til at fleire vert meir oppmerksame på kor viktig det er å førebyggja primært, men òg sekundært etter eit slag slik at det ikkje oppstår nye. Ifølgje Nasjonalforeininga for folkehelse kan hjerneslag skuldast arv og livsstil. Faktorar som gjer folk meir utsette for hjerneslag er:

  • høgt blodtrykk, atrieflimmer
  • høgt kolesterol, diabetes, åreforkalking
  • røyking, høgt alkoholforbruk
  • overvekt og inaktivitet

På grunn av at befolkninga blir stadig eldre, kjem talet på slagtilfelle i Noreg til å auke dei neste åra. Rask behandling og rehabilitering er avgjerande for ein god prognose. Helsebiblioteket har gode kjelder til informasjon om heile pasientforløpet. Her er ei lita oversikt over nokon av dei mykje brukte ressursar om dei ulike fasane:

Nyttige kjelder 

Prehospitale tenester

Legevakthandboka beskriv korleis ein skal gå fram ved mistanke om hjerneslag. Kapittelet skildrar òg kva som skal gjerast prehospitalt og på veg til sjukehuset. 

Pakkeforløp inneheld målepunkt i akuttfasen, symptom, ambulanse, innlegging på sjukehus, bildediagnostikk: Hjerneslag - pakkeforløp

Tiltak som bør gjerast i akuttmottak, som akutt diagnostikk, røntgen, akuttbehandling og overvaking, finn du god informasjon om i den norske retningslina om hjerneslag og i Legemiddelhandboka. Me har òg djuptgåande informasjon om behandling på sengepost/slageining. 

Internasjonale oppslagsverk

Rehabilitering

flat lay of legumes, superfoods and healthy ingredients on wooden board with rustic background, Sunn mat COLOURBOX36334954.jpg
Sunn mat for hjartet. Foto: Colourbox

Førebygging 

 

Kjelder

Hva koster ulike sykdommer i helsevesenet? FHI. 2023. URL:  https://www.fhi.no/nyheter/2023/hva-koster-ulike-sykdommer-i-helsevesenet/

Framtidens utfordringer for folkehelsen, FHI. 2023.URL:https://www.fhi.no/nyheter/2023/hva-koster-ulike-sykdommer-i-helsevesenet/