Kva typar mellom­menneskelege situasjonar opplever norske psykologar oftast og som mest krevjande? (Tidsskrift for Norsk psykologforening)

Kva typar mellom­menneskelege situasjonar opplever norske psykologar oftast og som mest krevjande? Målet var å kunne nytte resultata for å utvikle eit videomateriale som gjer det mogleg for psykologstudentar å trene på relevante, krevjande mellommenneskelege situasjonar.

Deprimert ung mann på bro

Selvmordstankar hos pasientar er blant dei vanskelegaste problema psykologar må handtere. Ill.foto: Colourbox.

 

Av Signe Hjelen Stige, Ingrid Dundas, Elisabeth Schanche og Aslak Hjeltnes

Måten terapeuten løyser krevjande mellommenneskelege situasjonar på, er avgjerande for den helsehjelpa som blir gitt. Kva type krevjande situasjonar psykologar oftast møter i sitt virke, og kva situasjonar dei opplever som mest krevjande, er i mindre grad utforska.

Som klinisk personale står psykologar og anna helsepersonell dagleg i krevjande situasjonar, der dei både skal løyse faglege oppgåver innanfor gitt regelverk og ressursrammer og samstundes ivareta klienten dei har framføre seg, på det mellommenneskelege plan (Søreide, 2017). Dette stiller ofte store krav til psykologen eller terapeuten si evne til å forstå og handtere desse reaksjonane i klienten og seg sjølv på en konstruktiv og ivaretakande måte (Moltu, Binder & Nielsen, 2010; Smith, Kleijn, & Hutschemaekers, 2007).

Les mer: Kva typar mellom­menneskelege situasjonar opplever norske psykologar oftast og som mest krevjande? (Tidsskrift for Norsk psykologforening)

Artikkelen har tidligere vært publisert i nyhetsbloggen PsykNytt.

Les mer om psykisk helsearbeid og psykoterapi, eller gå til siste nummer av PsykNytt.

(/psykisk-helse/aktuelt/kva-typar-mellommenneskelege-situasjonar-opplever-norske-psykologar-oftast-og-som-mest-krevjande-tidsskrift-for-norsk-psykologforening)