Små endringar i bruk av tvang (Helsedirektoratet)

Frå 2016 til 2017 var det ein liten nedgang i tvangsinnleggingar i psykisk helsevern. Tala viser samstundes at det er små endringar over tid.

Mann som føres bort med tvang

Tida pasientane er under tvungent psykisk helsevern vert korta ned. Ill.foto: Colourbox

 

Omfanget av tvangsinnleggingar i 2017 er om lag på same nivå som i 2013. Kontrollkommisjonane handsama fleire klagar i 2017 enn i 2016.

Dette går fram av to nye rapportar frå Helsedirektoratet – Tvang i psykisk helsevern og Kontroll av tvangsbruk 2017.

– Vi ser ein tendens til at tida pasientane er under tvungent psykisk helsevern vert korta ned. Færre vert og overført til tvang utan døgnopphald, og tal frå kontrollkommisjonane sine kontrollar av tvungent psykisk helsevern etter tre månader og eitt år viser nedgang i talet på pasientar som har vore lenge under tvangsvern, seier avdelingsdirektør Torunn Janbu i Helsedirektoratet.

– I tillegg vart færre pasientar behandla med legemiddel utan sjølv å ha samtykt. – Dette er ei positiv utvikling, seier Janbu.

For bruk av tvangsmiddel viser tala ei dreiing mot auka bruk av kortvarig fasthalding og isolasjon, medan færre pasientar vart behandla med mekaniske tvangsmiddel og korttidsverkande legemiddel i 2017 enn i 2016 .

Les meir: Små endringar i bruk av tvang (Helsedirektoratet)

Artikkelen har tidligere vært publisert i nyhetsbloggen PsykNytt.

Les mer om akuttpsykiatri og dps, eller gå til siste nummer av PsykNytt.

(https://www.helsebiblioteket.no/psykisk-helse/aktuelt/sma-endringar-i-bruk-av-tvang-helsedirektoratet)