Anker i normalitet – betrings­prosessar hjå menneske med rus og psykisk liding (Tidsskrift for Norsk psykologforening)

Resignasjon og hjelpeløyse har av og til ført til at pasientar blir erklært «umotiverte» eller «behandlings-resistente».

Ung mann på madrass med røyk og glass

Tenestene strever med å nå dei av oss som treng hjelpa mest. Ill.foto: Colourbox

 

Av Elisabeth Adams Kvam, Hanne Weie Oddli og Anne Landheim

Forsking på pasientar sine eigne erfaringar med å få det betre har ofte poengtert at betringsprosessar er djupt individuelle, unike prosessar. Basert på intervju med personar med samtidig rus- og psykisk liding trer det fram ei sosialt situert endringshistorie som er komplementær til ei slik individualistisk forteljing. Dei av oss som strever med rusproblem, har oftare psykiske lidingar enn andre, og menneske med psykiske lidingar strever oftare med rusproblem enn dei utan (Helsedirektoratet, 2011; Landheim, Bakken, & Vaglum, 2006). Personar med samtidig rusliding og psykisk liding, gjerne kalla dobbeltdiagnosepasientar, har ofte falle mellom fleire enn to stolar i hjelpeapparatet. Dette trass i at det å streve med rusproblem og psykiske vanskar samstundes heng saman med omfattande og langvarige problem i liva til dei det gjeld (Mueser, Linderoth, & Andersen, 2006), og dermed større hjelpebehov.

Dette paradokset – at tenestene strever med å nå dei av oss som treng hjelpa mest – speglar seg også i forskingslitteraturen, som ofte handsamar høvesvis rus og psykiske vanskar kvar for seg (Handong & Weng, 2016; Hoertel, Le Strat, Lavaud, Dubertret, & Limosin, 2013; Moberg & Humphreys, 2016). Når strukturane i hjelpeapparatet ikkje har svart til behova brukarar har, og hjelpa ikkje har ført fram, har resignasjon og hjelpeløyse av og til ført til at pasientar blir erklært «umotiverte» eller «behandlingsresistente». Eit døme på at søking etter forklaringar på vanskar med å nå fram med hjelpa ofte har fokusert på eigenskapar ved pasientane framfor eigenskapar ved behandlinga eller terapeutane, er Brorson, Arnevik, Rand-Hendriksen og Duckert (2013) si metaanalyse av studiar om dropout frå rusbehandling, som fann at 91 % av studiane fokuserte på eigenskapar ved pasientane.

Les meir: Anker i normalitet – betrings­prosessar hjå menneske med rus og psykisk liding (Tidsskrift for Norsk psykologforening)

Artikkelen har tidligere vært publisert i nyhetsbloggen PsykNytt.

Les mer om psykisk helsearbeid og rus og avhengighet, eller gå til siste nummer av PsykNytt.

(/psykisk-helse/aktuelt/anker-i-normalitet-betringsprosessar-hja-menneske-med-rus-og-psykisk-liding-tidsskrift-for-norsk-psykologforening)